Vi inviterer til folkemøte for å informere om reguleringsarbeidet, og høyre kva du meiner, før vi sender planen på første offentlege høyring. Med dette ynskjer vi å få inn synspunkt og innspel som vi kan ta med oss til sluttføringa av planarbeidet.
Tid: 24. november 2026, kl 18:00-20:00 (matservering kl 18:00, program frå kl 18:30)
Stad: Florø Kulturhus, Speilsalen
Program
- Velkomen og orientering om Havland sine utviklingsplanar i området
- Kommuneplanen sine føringar for området
- Status i reguleringsarbeidet og presentasjon av førebelse skisser
- Spørsmål og svar i plenum
- Kart til gjennomsyn og kommentar på vegg
- Felles oppsummering og informasjon om vegen vidare
Du kan gi innspel både i plenum og ved karta.
Vel møtt
